Den fyrste
grammofonen
Av Peder J. Olsen Fure
Gamle minne dukkar atter fram. Det er mangt å minnast
frå barneåra, og eitt av minna er om Johann Dals grammofon. Eg var berre 5
år den gongen. Det var ein slik med stor kasse med sveiv på, og ein stor
svær lur på. Berre luren var litt for oss gutane å undre på. Og enn om at
nokon var inne i kassa og både song og trampa takta.
Det var i vintrafiskjet i 1909. Leigdemennene var
komne, så det var liv og røre i garden. Eit båtlag frå Selje var komne. Dei
budde nede i Perhuset og stelte seg sjølve. Mellom dei var Johann Djupedal
som var høvedmann og åtte båten. Han hadde vore ved Bergenskanten på
telefonarbeid. Der hadde han teke lodd og vunne grammofonen. Sikkert den
fyrste i Selje kommune. Og til tidsfordriv i ledige stunder hadde han teke
den med til Fure.
Ingen hadde vel sett eller høyrt eit slikt vedunder den
tida. Så fyrste kvelden hans spelte på den, var Perstova full av store og
små, unge og eldre. Vi gutungane var just ikkje dei siste som møtte opp. Eg
vil tenkje meg vi sprang så knapt vi fekk skorne med oss.
Mor var den einaste som sat att oppe i stova med yngste
syster mi som låg i vogga.
Mellom andre var her ein snikkar frå ”Honndalen” som
var på fiskje på Drage. Han hadde vore i Amerika, han hadde heller ikkje
høyrt eit slikt mirakel. Så liten og ung som eg var då, så hugsar eg ei
strofe på ei av platene: ”Jeg har vært i Liverpool, og jeg har vært i
Hull”.
Far og han som åtte grammofonen, tykte det var for gale
at mor ikkje fekk vere med på ”opplevelsen”. Dei to hjelptest åt og bar
vedunderet opp i stova vår så mor og fekk høyre. Då han hadde spela seg
ferdig, tok han den tome stifteøskja og gav henne til ho som låg i vogga.
Den var også noko å eige i dei dager. På loket var det
bilete av ein hund som sat framfor luren og lydde. Øskja vart teken
vel vare på. Og då jenta vaks til og fekk ei fin rosemåla kiste av far, vart
øyskja gøymd i den i lag med andre små eignaluter. For i dei dager var det
ikkje berre ”bruk og kast”.
