|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kor budde
dei ulike generasjonane? Her følger bilder av husa og skisser, av hus dei har budd i/kan ha budd i. Så kjem ei oversikt over generasjonshistoria slik vi kjenner ho.
Gamlestova
Gamlestova til Hansane
Gamlestova til
Hansane, den som stod på Nedstetunet. Det var ei tømrestove med tregolv i. Ho var ikkje bordkledd. Det var bygt attåt ein gang uttafor, av stavverk, med dør midt i ramen og lem oppå. Det var nedrotna, så Hans bygde til att dette rommet, og så la han helletak på huset. Før var der torvtak. Dette var truleg i 1912. Der hadde vore ljore i taket, men han var vekke, og ljoreholet stod der. Før hadde der vore åre midt på golvet i stova og røyken gjekk opp gjennom taket. Det var Søren Flødenesa som bygde grua og murte opp skorstein som gjekk opp frå grua. Det er ingen som veit kor gamal stova var. Men ho hadde vore flytt, for stokkane var merkte. Då ho vart vølt i 1912, var tømmeret svært nedslite på utsida, av mått og av ver. Det var her dei turka korn, og her stod turkegryta (som dei tørka korn i før maling). Elles var hummarteinene her og hummartynnene og mykje anna som høyrde sjødrifta til, oljeklede og støvlar, pilkar, diverse verktøy. Alt dette med unntak av teinene og tynnene, var å finne i gangen. Der hadde Kristoffer også fyrlampen til motoren. Karane brukte mykje å stå og sjå i veret kring gamle stove veggene. I vesta ver stod ein inna i stova, i austleg ver utta i stova, i livd for vinden. Slipesteinen stod inna i stova, og om sommaren hekk ljå og langorvar på veggen i inste ramen. Vegen kom til Fure i 1967, og Far meiner stova vart riva nokre år før dette.
Øvstestova
Øvstestova til Hansane
Hopestova/børsstova/glasstova
1. generasjon på fure av hestenes slekta
Christopher Hansson Fure
(Frå 2.ekteskap)
2. generasjon på fure av hestenes slekta
”Gamle Hans”
3. generasjon på fure av hestenes slekta
”Gamle Christoffer” eller ”Gamle Furen” (Desse to var søskenbarn: Far til Magdeli, Ole Knudson og mor til Christopher, Magdeli Knudsd. var søsken, og foreldrene deres var Knut Olson og Marthe Pedersdatter i Ervik.)
I 1850 kjøpte Ola heile Indre Fure og selde halve bruket til broren Hans. Ola bruk 1, Hans bruk 2. Ola sin son, Peder Ananias Olsson, delte sin part igjen mellom sine to sønner Ola og Hans.
Litt om delinga av husa her
Før og etter utskiftinga
Gamlestova til Hansane
Hansestova
Hopestova/børsstova/glasstova
Øvstestova til Hansane
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Det er her gjort eit forsøk på å
sette opp slektene frå kvart hus. Hadde vært flott om det blei sendt inn
korrigeringer hvis det fins. Ellers er det fritt for å sende inn historie om
husa ein kjem frå, bilder av nemde personar, bilde av hus frå gamal tid.
Oppdateringer av slektsgreinene er spesielt ønska. Det blir mange nye ledd
etter kvart.
Meld gjerne inn email adresser også på denne sida: ..\..\Email liste\Email adr.htm |