Kven var det
 
Startside
Torvbryting
Metervise
Havet tok
Gaupa
Stadnavn
Kvilesteinen
Grammofonen
Kvernkallen
Til hunden Mira
Kven var det

 

 

Kven såg dei?
Denne historia er høyrd på Fure i mange år nå.
Det var Henry og Peder som satt på trappa utanfor øvstestova. Dei kunne vere i 10-12 års alderen er det sagt. Medan dei satt der kom det ei kone ut frå stova og gjekk mellom dei ned trappa og forsvant.
Dette kunne likne på Marthe sin skikkelse er det sagt. Marthe Olsdatter Strand var født i 1842 og døde i 1912, og budde i denne stova.


Skritt i stranda
Det var ein mørk morgon, han Gamle Hans (Hans Kristofferson Fure) var inn i målå i Geitnesvikå for å leite etter rakved.
Medan han stod inntil fjellet høyrte han lyden av trakkande lærstøvlar. Det var ingen å sjå, men lyden av fotstega gjekk rett fram forbi han, subbande steg, og lydde nett likt lyden av ein vaksen man sine skritt med lærstøvlar på.  


Ubudne gjester i skulestova
Under krigen var det ein dag at Andriana skulle inn i kåva (gangen) på skulehuset å hente garn. Det var mørkt i gangen, og då ho famla seg fram og skulle ta tak i garnet, var det eit menneske ho kom borti. Det viste seg at det var 2 russerfangar som hadde gøymt seg der, dei hadde rømt under transport i Hoddevika. Folk hadde sett at dei hadde forsvunne i retning av Fure, og tyskarane kom og henta dei. Det nytta ikkje å gøyme dei, for nokon hadde allerede tipsa tyskarane. Kva skjebne dei fekk veit ingen sikkert, men det er truleg at dei blei skotne til skrekk og advarsel for dei andre fangane.

 

 

 

 

 

 

Området ble sist oppdatert 10.01.06.