Til hunden Mira
Startside
Torvbryting
Metervise
Havet tok
Gaupa
Stadnavn
Kvilesteinen
Grammofonen
Kvernkallen
Til hunden Mira
Kven var det

 

 

 

 

Til hunden Mira

   

Å for ei glede du viste!
Dansa rundt i lykkerus
Så utrulig godt å sjå deg slik
Den same gjensynsgleda - år etter år 

Du var Fure sitt midtpunkt
og trufaste følgesvenn på sjø og i mark
Med ungdommelig iver du følgde med
på alt som i tunet levde, ja alt fekk du med deg 

Du hadde ditt eige himmelrike på Fure
langs stranda, på fjellet, i naust og i kratt.
Der snusa du opp spanande lukter
og  lite om røyskatten tykkte…  

Ja fleire turistar kjenner nok deg,
både dei med to og fire bein
Om ein ikkje ”til lags åt alle” kan gjera,
så fekk nok dei fleste innpass - etter du fekk helse på.

Kanskje du snusar rundt der oppe nå
eller kviler deg etter ei lang reise
Men i tankane våre Mira,
spring du mot oss og helsar 

To flaggrande øyrer,
med halen du lograr så glad
To korte framlabbar opp i lufta
dansar du rundt med bjeffande velkomst-ul 

Slik vil me huske deg!
Me helsar deg alle – ei god reise forut
Og takkar for uforgløymelege sommar minner
Håpar dei har morrpølse i himmelen og.

19.januar 2005

   

Alle bilder med rød kantlinje er miniatyrbilder
- trykk på dei, og dei åpnar seg i store størrelser.