Kvilesteinen Ein rundtur
 
Startside
Om Fure
Glimt fra tunet
Der ingen skulle tru
Slektene fra Fure
Anetavler
Galleriet
Ein rundtur
Historiar
Slekta
Oppskrifter
Kart
Gjestebok
Email liste
Om heimesida
Linkar
Skrive ut
Stadlandet
Song til Stad
Tare

 

På Fure og områda rundt finn ein mykje å sjå på. Ikkje minst skulle bilda i galleriet på desse sidene sei ein del om det. For å dra fram nokre få ting, så har vi for eksempel:

FurehonnetFurehonnet og Furefjellet

Ein flott dagstur er dette, for du treng hvertfall ein dag skal du klare å komme over alt!

 

KvilesteinenEr du sprek klarer du å komme deg opp til Kvilesteinen innan eit kvarter, ein ynda stoppestad på den bratte stien. Utsikta frå Furehonnet mot Selje, dei gamle fjellfjøsa med navne-inskripsjonar frå bestefars unge dagar, spora etter torvuttak, blåbærlyng, og nokre få multeplantar i myra, gamle ”gjetarhytter”, fredelege fiskevatn, utsikta til Hoddevik – og om ein går langt nok ut kjem ein til Furestaven.

Ingenting er vel som spekeskinke grilla på lyng!

Ytre-Fure ville vere eit flott veivalg heim att.Ytre Fure

Noko bratt er det nedover, men når ein kjem fram finn du eit koselig tun, med bratte bakkar ned til sjøen på framsida av huset. Tenk at det har budd folk fast her ute på denne vær-harde staden. Vill kaprifol Og ungane skifta mellom å gå på skule mellom Indre og Ytre Fure, litt av ein skuleveg det i storm og regn!

Heilt nede ved sjøen finn ein flotte berg godt egna for fiske, så her er det berre å kaste ut!

Usikt ned mot Ytre Fure

Det ligg 2 hus her ute, med løer til kvart hus. Turen tek du fjørevegen tilbake til Indre Fure. Her går du forbi Julius si hytte, med eit flott moloanlegg. Ein koselig stad.

Ytre Fure

I fjøra lenger inne, der fjellknausane tek til, finn du holer i fjellet du berre kjem til i fjøre sjø. Mange flotte havslipte steinar ser du og. Det kan lure ein hoggorm eller to på stiane, så pass på. Det er ein populær stad å sole seg for dei. Ein flott tur er det hvertfall.

 

Området ble sist oppdatert 02.04.06.