Glimt fra tunet
 
Startside
Om Fure
Glimt fra tunet
Der ingen skulle tru
Slektene fra Fure
Anetavler
Galleriet
Ein rundtur
Historiar
Slekta
Oppskrifter
Kart
Gjestebok
Email liste
Om heimesida
Linkar
Skrive ut
Stadlandet
Song til Stad
Tare

 

    

Ønsker du å bestille den DVDer?

1) Bildeshowet som blei gitt ut til julen 2005
2) Filmer fra Stadt
3) 4 årstider av Herman Håvik

Send meg ein bestilling på mail med opplysninger om adresse.  tifure@start.no

Prisen er kr 150,-
Porto/emballasje kjem i tillegg. Ca kr 30.
Legger ved kontonummer i pakken.
 

Sjå dei nye sidene her, om slekta frå husa i tunet.

Indre Fure har ei dokumentert historie like attende til 1300-talet. Husa i klyngetunet har alle sine særpreg. Med blondegardiner i vindua, og gamle nydelige rosesortar som klamrar seg fast til grunnmurar og huskledning.

På kvart eit hjørne finn du velstelte bed, og revebjeller og kusymrar som blømer på dei utruligaste stader.

 

 

 

Dei god-duftane
erteblomstrane
som kveiler seg
oppmed espaliera.

 

Mellom husa finn gardshunden Mira seg ein leike kamerat - kjekt med all oppmerksomheten i turist tida.

 

 

 

 

I vegkanten
klorar humla seg
fast i fjæresteinane.
 

 

 

 

Og borte ved Hamrane
står steingarden og vernar om eplehagen,
der ein Furar i gamal tid
dyrka fram dei prisbelønna Alexander epla.

 

 

 

Nokre av husa her, har ei malmplate ovanfor døra, med inskripsjonen: Benedicat nobis pater filius spiritus sanctus som tyder velsign oss, Fader, Son og Heilag ande. (Historia bak desse skilta kan du lese meir om under Hestnes ætta si slektssoge som Wilhelm Kvalheim skreiv i 1938) Klikk her

 

 

 

 

 

Garden før i tida
Slik såg gardstunet ut før i tida. Kart og forklaring til kvart hus.

Hansestova slik ho var møblert før i tida.

Gamlestova til Hansane
stod på ”Nedstetunet” nedanfor Hansestova. Fleire hundre år gamal. Det var ei årestove med ljore i taket. Veit ikkje kva tid ho vart oppsett, heller ikkje kor langt fram i tid dei brukte ho som våningshus. Gamlestova vart riven på slutten av 1950-talet

Bilder av husa i tunet slik dei står no.

 

 

 

 

Området ble sist oppdatert 04.10.06.