Slekta
Startside
Om Fure
Glimt fra tunet
Der ingen skulle tru
Slektene fra Fure
Anetavler
Galleriet
Ein rundtur
Historiar
Slekta
Oppskrifter
Kart
Gjestebok
Email liste
Om heimesida
Linkar
Skrive ut
Stadlandet
Song til Stad
Tare

 

 

 

Sommaren 1738 kom 27 år gamle Kristoffer Hanson Hestenes frå Gloppen til Fure, og vart ættfaren til den store Fureslekta. Han vart gift her til med Ane Josefsdotter Indre-Fure.  Kristoffer Hanson Fure vart født i 1711 på Hestenes. Etter at han i 1740 fekk utlagt sin arvelut då broren Josef overtok garden "Per-bruket" på Hestenes, slo Kristoffer seg opp på Indre-Fure med eit rikt torskefiske i Sildagapet ut etter 1700 talet. 

Første kona, Ane, døydde på barneseng i 1747, dei hadde då fått jenta Dorthe (f.1739).  Kristoffer Hanson Hestenes gifte seg opp att med Ragnhild Andersdatr. Hoddevik, og dei fekk barna Ane, og Hans Kristofferson Fure  f. 1757, også kalla Gamle Hans. Gamle Hans gifte seg med Magdeli Knutsdtr. Ervik av Torbjørnstova. Dei fekk 3 barn, Kristoffer f. 1788, Marte f.1791 og Ragnhild f. 1794. 

Det var son deira Kristoffer som vart sitjande på Fure, også kalla Gamle-Kristoffer eller Gamle-Furen. Om han fins det litt og fortelja om, kjem meir under historiar seinare. Han gifte seg med  Magdeli Ervik frå Haldor-stova i 1812.  Dei fekk 3 barn, Marte f.1813?, Hans Kristofferson Fure f. 1815 og Ola Kristofferson Fure f. ca. 1820.

Hans Kristofferson Fure vart gift med Entse Jonsdatter Lidasete f. 1815. Dei fekk 6 barn: Kristoffer f.1839, Johanne f. 1841, Magdalena f. 1843, Dorthe f.1851, Marte f. 1851, + 1.Marthe og Kristoffer Fure

Kristoffer Hanson Fure  vart gift med Marte Olsdatter Strand f. 1842. Desse fekk og 6 barn: Hans f.1870, Jonas, Petra, Entse, Marta og Kristofina.

Hans Kristofferson Fure, gifte seg med Malene Apalsett f. 1873. Dei fekk ikkje mindre enn 9 barn! Kristoffer, f. 1898, Maria f. 1900, Matias f. 1902, Henry f. 1905, Dorthea f. 1907, Sigurd f.1909, Vilhelm f. 1911, Margit f. 1913 og Haldis f. 1918.

Nordbjorg og KristofferKristoffer overtok garden, gifte seg med Norbjørg Heggheim frå Stardalen i Jølster f. 1912. Dei fekk 6 barn: Malena f. 1935, Hans Morits f. 1937, Bodil f. 1939, Svein f.1942, Kjell Norvald f. 1945 og Tor Bjarne f. 1950. 

Dette var siste ledd der navnetradisjonen vart gjennomført, med hensyn til kven som dreiv garden vidare. Kristoffer var altså den 7. i arverekka og altså den siste i rekka av Hans og Kristoffer tradisjonen.





 


Det er i dag Kjell Nordvald Fure og kona Marit Konstanse Svedhaug f. 1947 frå Leikong på Stadlandet, som driv garden. Dei har 2 barn. Heidi f. 1970 og Kjetil f. 1976.

 

 

 

 

Hestenes-ætta på Fure
Klikk her og les deler av slektshistoria som Wilhelm skreiv.

Slekstreet til Furarane
November 2004 begynte arbeidet med å registrere slektstreet til Furarane. Grunnlaget for registreringane fram til 1990 er frå heftet som Else laga til slektsstevnet om etterkommarane til Marthe og Kristoffer Fure. Arbeidet nå består av å samle inn etterkommere etter 1990 og andre familiehendingar som dødsfall til eksempel. Ser du datoer som manglar eller andre ting så mail meg!

Link til slektstreet her:
Link til slektstreet finn du her (det som er registrert til og med 9.nov 2004)

 

 

Dette området ble sist oppdatert 10.01.07.