Song til Stad
Startside
Om Fure
Glimt fra tunet
Der ingen skulle tru
Slektene fra Fure
Anetavler
Galleriet
Ein rundtur
Historiar
Slekta
Oppskrifter
Kart
Gjestebok
Email liste
Om heimesida
Linkar
Skrive ut
Stadlandet
Song til Stad
Tare

 

Birger Meland, sin hyllest til folket i grendene rundt Stad. Han har skrevet tekst og melodi sjølv.

Vi takker for lov til å legge denne songen ut på nettet.
Last ned sangen i mp3 format her - bedre lyd enn det som ligg på internettsida.

 

Song til Stad
(Tekst og melodi av Birger Meland
– ein hyllest til folket på Stad)

Der stig av hav eit alveland
i trolldoms dis eg skådar
Du er mi strand, - mitt heimstadland
her vil eg bu eg lovar
Du kneiser høgt mot himmel blå
du bær på skodda tung og grå
Når stormar blæs om øy og skjær
då i din favn eg sovnar
 
Sjå Stad som kneiser ut av hav
med brudeslør av bårer
Der mang ein sjømann fann si grav
det rører meg til tårer
Eg ser på grender som der er
eg skådar brenning stor og svær
Eg ser ein fiskar utpå fer
med faste tak om årer
 
Frå Fure legg vi ut ein dag
med solgangsbris om stavnen
Vi er langt vekk frå stress og jag
vi tek vår heim i favnen
Lat anker gå ved Hoddevik
vi berføtt går i sanden kvit
Her ut mot havet vil vi bu
det er vårt ja og amen
 

 

 
 
 


Frå Ervik, Hovden turen går
vi rundar neset Kleiva
Og vinden ruskar i vårt hår
når vi fer fram i leia
Ei sol som sakte sig i hav
og som står opp og kjem med dag
Om stormen brusar og er hard
vi slær vårt gras i heia
 
Ei følsom kjensle i meg brenn
ein flamme i mitt indre
Ein stad der ute finst ein venn
som let mitt auge tindre
Og når min dag så komen er
eg veit du står mitt hjarte nær
Då skal eg sveve bort frå jord
med glede i mitt minne

 

Området ble sist oppdatert 02.04.06.